Nyheter

Opnar ny helseklinikk i Ulsteinvik

Onsdag 03. mai opnar Nordvestklinikk på Stålhaugen i Ulsteinvik. Nordvest Naprapatklinikk er medeigar og ein av aktørane som skal drive i den nye klinikken. 

Publisert: 25/04/17 oppdatert: 04/05/17
Pressemelding:

Onsdag 3.mai opnar Nordvestklinikk AS på Stålhaugen i Ulsteinvik.
 
Nordvestklinikk er ein privatklinikk som tilbyr mellom anna legeattestar for folk som har sjøen som arbeidsplass, helsekontrollar for bedrifter, vaksiner og i tillegg andre legetenester.
  • Vi ønskjer å tilby gode og fleksible løysingar for bedrifter og privatpersonar på Sunnmøre, seier dagleg leiar Mimmi Ulstein.
Ho har lang erfaring innan bedriftshelseteneste.
 
Nytt samarbeid
Nordvestklinikk er etablert gjennom eit samarbeid mellom dei to legane, Håvard Ramsli og Torstein Bjørndal, og Nordvest Naprapatklinikk AS.
  • Samarbeidet med naprapatane vil styrke det nye selskapet ved at ein kan tilby tenester innan ergonomi og førebyggjande behandling. Dermed kan vi gje eit meir komplett tilbod til kundane våre, seier Mimmi Ulstein. 
 
Lang erfaring
Håvard Ramsli har lang erfaring som bedriftslege og innan allmennmedisin. Han har autorisasjon som sjømannslege, petroleumslege og dykkarlege. Torstein Bjørndal har erfaring både som bedriftslege og fastlege. Han har kompetanse til å skrive ut både sjømanns- og offshoreattestar. Begge skal halde fram med å jobbe som fastlegar, og dei kombinerer dette med arbeid ved den nye klinikken. 
 
Naprapatar
Nordvest Naprapatklinikk har etablert seg som ein av dei større aktørane innan avansert manuell medisin på Nordvestlandet. Dei driv i dag åtte naprapatklinikkar mellom Ålesund og Bergen. Klinikken som ligg i Ulsteinvik, vert no å finne i lokala til Nordvestklinikk.
- Vi ser fram til å samarbeide med to svært dyktige legar. Det å søkje tverrfagleg samarbeid med anna helsepersonell er viktig for å styrke vårt tilbod, seier Ole Theodor Hovden som er dagleg leiar i Nordvest Naprapatklinikk AS.
 
For spørsmål om etableringa, kontakt:
Dagleg leiar i Nordvestklinikk AS:                Mimmi Ulstein          Mobil: 993 71 377
Dagleg leiar i Nordvest Naprapatklinikk AS:            Ole Theodor Hovden Mobil: 917 91 28
click