Behandlingar

Problem vi jobbar med:  


Ein naprapat forsøker etter beste evne å diagnostisere, behandle og rehabilitere smertetilstandar og funksjonelle problem i ledd og musklar. Behandlinga byggjer på ortopedisk medisin kombinert med god kunnskap om bevegelsesapparatet sin oppbygnad og funksjon.

Her er nokre av dei vanlege smertetilstandane/diagnosane som vi jobbar med:

Hovud og nakke 

Hovudverk og svimmelheit 

Spenningshovudverk er den vanlegaste typen av hovudverk. Denne typen hovudverk kan kome og gå eller vere meir langvarig. Ofte vert episodane med smerte utløyst av ulike former for stress. Smertene vert ofte skildra som eit stramt band over panna og rundt hovudet. Hovudverken er av trykkande eller pressande karakter, ikkje pulserande.

Den er sjeldan til stades frå morgonen, men melder seg og aukar i styrke i løpet av dagen. Enkelte kan oppleve litt kvalme. Nokon kan reagere på lyd eller lys, men langt sjeldnare enn ved migrene. Svimmelheit er ikkje uvanleg. Hovudverk vil vanlegvis ikkje verte verre ved fysisk aktivitet. Spenningshovudverk kan også kome av at ein pressar eller gnissar tenner i løpet av natta. Dette kan gje hovudverk på morgonen.  

Stiv nakke 

Nakkesmerter er veldig vanleg. Rundt 70% har vondt i nakken i løpet av livet, og førekomsten av nakkesmerter i løpet av eitt år er 25 % hos kvinner og 16 % hos menn. Nakkesmerta kan oppstå plutseleg ved ein helt vanleg bevegelse eller ved "whiplash" (nakkesleng). Smerta kan også kome smygande over tid ved for eksempel feilbelastning eller mykje monotont arbeid. Vanlege symptom er smerte i nakkemuskulaturen, med eller utan utstråling i arm eller mellom skulderblada. Smerta er ofte murrande eller hoggande, og ein kjenner seg stiv og sliten i nakken. Spenningshovudverk frå nakkemuskulatur er vanleg.  

Kjeveproblematikk   

Smerter/problematikk i kjeveområdet er vanleg. Dette kan kome av at ein gnissar/pressar tenner, tyggjer mykje  tyggegummi, bit neglar, problem med bittet, traume, stress eller dårlege vanar. Dei fleste som har problem med dette, opplever hovudverk, og mange kan også ha øyresus. Andre symptom er problem med å gape, ømheit i ansiktet, svimmelheit, klikking i kjeven, tettheit i øret og tinitus. Ofte er det spent muskulatur rundt kjeven som fører til smertene, men det kan også vere eit problem med sjølve kjeveleddet.  

Brystrygg

​ Smerte/stivheit

 Smerter i øvre del av ryggen, mellom skulderblada, er eit vanleg problem. Spesielt etter lange, stillesitjande dagar på kontoret.
 Smertene kan spre seg opp i nakken til skulder/arm og fram i brystet. Vanlege årsaker til smerter mellom skulderblada er: 

 

Korsrygg, bekken og hofte 

Korsryggsmerter er det vanlegaste problemet i muskel- og skjellettapparatet. Det er også samfunnet si dyraste enkeltplage. Det er smertefullt, men som regel ufarleg. Smertene kan vere akutte, langvarige, stråle ned i rumpe og bein. Årsaka til smertene kan være mange og samansette. Vanlege årsaker er:  

 

Bein og fot 

Løperkne

Løperkne, også kalla ”langdistansekne”, gjev smerter på utsida av kneleddet og skuldast ofte overbelastning. På utsida av låret går det ei stor bindevevshinne frå hoftekammen og ned til øvre/ytre sida på leggen. Dette bindevevsdraget kallast ”tractus iliotibialis”. Ved langvarig løping, sykling, vandring eller skigåing kan det verte mykje friksjon mellom iliotibialbandet og lårbeinet.  Det vil seie at bandet gnissar mot beinframspringet på yttersida av lårbeinet, den såkalla "femurkondylen",  og det kan føre til at slimposen vert irritert. Smerter på utsida av kneet ved fysisk aktivitet kallast løperkne - på fagspråket iliotibialband syndrom. Dette kan ein behandle ved avlastning, trening og ma? 
 

Hopperkne 

Hopperkne, også kalla ”Patellar tendinopati”, er vanleg diagnose innanfor idrett. Smerten er ofte lokalisert nedanfor kneskåla og er aktivitetsavhengig. Hos enkelte pasientar kjem smerta etter eit enkelt hopp, løft eller ei landing. Hos andre kjem det etter ei hard treningsøkt eller kamp. Andre igjen har en gradvis smertedebut. 
 

Korsband

Skader på det fremre korsbandet gjev som oftast rask hevelse (innan 12 timer etter trauma) og sterke smerter. Ein kan oppleve at kneet gjev etter ved belastning etter skaden. Det er viktig med akutt handtering av skaden (PRICE-prinsippet) ved å beskytte skaden, kvile, legge på is, kompresjon og heve beinet. Det oppstår ofte også skader på menisk ved ei fremre korsbandskade.  

Meniskproblem

Menisken er støytdemparen i kneet og hjelper til med å stabilisere leddet.  Smerte når ein sit på huk, vridingar eller låsingar i kneet er teikn på meniskskader.  
 

Leddband 

Mediale ligamentskader utgjer nesten halvparten av alle alvorlege kneskadar i idrett. Skademekanismen er oftast at ein motstandar fell over det lett bøygde kneet. Smerta er lokalisert på innsida (eller utsida) av kneet, og ein kan ha problem med å bøye det. Leddbandskader gjev ikkje hevelse i kneet.  

 

Beinhinnesmerter i leggen

Dette kjem av overbelastning av muskel- og senefeste langs innsida av den nedre 2/3 av skinnbeinet. Tilstanden er spesielt vanleg blant løparar, hopparar og i hallidrettar. Typiske symptom er smerter på framsida/innsida av leggen under og etter trening. I starten er det mest eit murrande ubehag etter harde belastningar, men etter kvart vert toleransen for belastning mindre. Ein kan kjenne smerter ved mindre belastningar og kvile. Det er ofte veldig ømt å trykke mot innsida av skinnbeinet sin nedre del. 

Smerte i akilles 

Akillessen er den største sena i kroppen, og den vert utsett for store belastningar.  ”Akillestendinose” (smertetilstand i akillessen) er ein av de vanlegaste belastningsskadane hos løparar og mosjonistar. I starten er det ofte smerte etter trening, men det kan utvikle seg til å gje smerte både under trening og ved kvile. Morgonstivheit og smerte er også vanlege symptom. Problemet skuldast overbelastning av sena, ofte ved rask auke i treningsmengde eller intensitet. Hardt underlag, kaldt klima og dårlege sko kan vere faktorar som spelar inn. Tilstanden kallast ofte feilaktig for akillessenebetennelse; betennelses forandringar kan sjeldan påvisast i sena.  
 

Plantar faciit 

Plantar faciit er den vanlegaste årsaka til hælsmerte hos idrettsutøvarar. Dette er ein langvarig smertetilstand ved sena sitt feste til hælbeinet på grunn av eit kronisk drag i dette området. Ved langvarige plager vert det forkalking ved festet på hælbeinet, dette kallast hælsporre. Vanlege symptom på plantar faciit: 

 

 Skulder og arm 

 Smerter i skulder

 Overbelastning, muskulær ubalanse og instabilitet er dei vanlegaste årsakene til skulderproblem.  
​ I tillegg til smerter i sjølve skuldrane, kan dei føre med seg utstråling og pirringar som går ut i arm/hand.

 

Tennisolboge

Tennisolboge gjev smerter på utsida av olbogen ved belastning. Dette skjer ofte etter langvarig belastning eller einsidig arbeid. Ein kan også vere veldig øm i muskulaturen på oversida av underarmen. Det kan skuldast skade ved seneinnfestet på utsida av olbogen. Tidlegare har det blitt sagt at ein har betennelse i olbogen, men forsking viser at det som oftast ikkje finnes betennelses-celler i senen.
 

Golfolboge

Golfolboge er det same som tennisolboge, men her ligg smerta på innsida av olbogen. Muskulaturen på undersida av underarmen kan vere stiv og/eller øm. Problemet ligg ved seneinnfestet på innsida av olbogen. Tidlegare har det blitt sagt at ein har betennelse i olbogen, men forsking viser at det som oftast ikkje finst betennelses-celler i senen.
 

click