Nyheter

Prolaps førte til utdanning

Kim-Joar Hide (25) frå Gjerdsvika skal jobbe i heimdistriktet i sommar.

Publisert: 05/06/18 oppdatert: 05/09/18
Til dagleg studerer Kim-Joar ved Naprapathøgskulen i Stockholm. Naprapatane jobbar med å diagnostisere, behandle og rehabilitere smertetilstandar og funksjonelle problem i ledd og musklar. Etter planen skal han vere ferdig utdanna naprapat i januar 2019. I juni og juli skal han jobbe ved Nordvest Naprapatklinikk sine avdelingar i Fosnavåg og Ulsteinvik.
- Eg gler meg til å jobbe og ser fram til å få hjelpe folk. Det er kjekt å få praktisere det ein har lært, seier han.
Tidlegare har han jobba ved klinikken i jul - og påskeferiar.

Hjelpe andre
Kim-Joar har alltid vore interessert i trening, og det var ein lærar på Personleg trenar-studiet som tipsa han om naprapati.
- For rundt seks år sidan fekk eg prolaps i ryggen. Eg fekk veldig god hjelp etter den skaden, og det inspirerte meg nok litt til å satse på ei utdanning der ein kan hjelpe andre, seier han.
Naprapatutdanninga er 4-årig og består av både teori og praksis. Etter sommaren skal Kim-Joar tilbake til Stockholm, der han mellom anna skal fullføre si bacheloroppgåve.
- Eg undersøkjer ME-syndromet ved pasientar som vi behandlar ved skuleklinikken i Stockholm. Vi fokuserer på korleis dette verkar på pasientar som er over 17 år, forklarer han.
click