Nyheter

NVNK fyller 15 år

- Vi feirer det med å gje gode tilbod til våre pasientar i sommar, seier dagleg leiar Ole Theodor Hovden.

Publisert: 20/06/18 oppdatert: 29/03/23
Det er 15 år sidan Ole Theodor Hovden starta opp Nordvest Naprapatklinikk i Ålesund sentrum. Sidan den tid har mykje endra seg. No er Nordvest Naprapatklinikk den største tilbydaren av manuell medisin på Sunnmøre og i Nordfjord. Seks naprapatar jobbar ved dei seks klinikkane som ligg i Ålesund sentrum, Ulsteinvik, Fosnavåg, Stryn, på Stranda og på Moa.

Manuell behandling
Stadig fleire har høyrt om naprapati som kanskje var eit framandord for mange for 15 år sidan. «Naprapati» tyder å korrigere årsak til smerte. Naprapatane gjev manuell behandling av muskel- og leddplager.
- No er det fleire bedrifter som ønskjer behandlingstilbod for sine tilsette. Våre naprapatar kan ta med seg benk og behandle folk på arbeidsplassen slik at dei sparer tid, seier Ole Theodor Hovden.
Fleire av bedriftene som Nordvest Naprapatklinikk samarbeider med melder om nedgang i sjukefråver.

Framtida
Naprapatane arbeider for å få autorisasjon som helsepersonell i Norge.
- Når vi får på plass dette, vil det vere eit ytterlegare kvalitetsstempel for naprapatane, seier Hovden.
Han trur det vert meir behov for manuelle helsetenester framover.
- Det er mange som har stillesitjande arbeid, og det fører til at fleire får muskel - og skjelettrelaterte plager. Vi ønskjer å hjelpe dei som treng det, seier Hovden. 
Nordvest Naprapatklinikk har ope heile sommaren og spesialtilbodet gjeld ut juli.  
 
click
click