Nyheter

Nytt ultralydtilbod i Ulsteinvik

Nordvestklinikk har investert i ei topp moderne ultralydmaskin. Den vil også Nordvest Naprapatklinikk få glede av.  – Naprapatane kan undersøkje strukturar i musklar og skjelett. Ved bruk av ultralyd kan vi verte endå sikrare i forhold til å stille diagnosar, seier dagleg leiar Ole Theodor Hovden. 

Publisert: 04/09/18 oppdatert: 29/03/23

– Vi ønskjer å gje eit breiare helsetilbod til folk i heile regionen. I tillegg vil vi styrke det tverrfaglege samarbeidet som vi har ved klinikken, seier Mimmi Kvalsund Ulstein som er dagleg leiar for Nordvestklinikk. Sidan det er ein privat klinikk, kan folk bestille time til undersøking både med og utan tilvising frå lege. Ultralydmaskina vert levert av GE Healthcare og er like avansert som dei som vert brukte på sjukehus.
–Vi har fått tak i svært erfarne og dyktige fagpersonar som skal bruke maskina, fortel ho.


Radiolog 
Ein av dei er radiolog Kristian Vigdel Kolnes som har 20-års erfaring frå røntgenfaget. Han er til dagleg overlege ved Volda sjukehus. No går han inn som medeigar i Nordvestklinikk og vil jobbe der i tillegg.
– Ultralyd er ein god metode for å oppdage mange typar sjukdomar, seier radiologen.
Dei kan til dømes undersøkje hals/skjoldbrukskjertel, buk- og bekkenorgan, testiklar, bryst, lymfeknutar og blodårer. I tillegg kan dei undersøkje overflatiske blautdelar, sener og ledd.
–Vi kan gjere det aller meste bortsett frå enkelte avanserte undersøkingar, fortel han. Dei kan også tilby ultralydrettleia intervensjonar. Då bruker ein ultralyd til å sjå inn i kroppen, og når ein ser, kan ein til dømes injisere medikament eller ta små vevsprøver frå ønska område.
–Fordelen med ultralyd er at vi ser akkurat kvar vi injiserer medikament eller tek prøva frå. Akkurat desse prosedyrane krev tilvising frå lege, medan dei aller fleste typar undersøkingar kan bestillast utan tilvising frå lege, forklarer han.


Tverrfagleg samarbeid 
Nordvestklinikk vil halde fram med å tilby alle typar helseattestar som tidlegare. Legane Håvard Ramsli og Torstein Bjørndal tek seg av dette. Samstundes vil klinikken leggje til rette for tverrfagleg samarbeid mellom ulike yrkesgrupper. Nordvest Naprapatklinikk er ein av aktørane som held til i same lokale på Stålhaugen i Ulsteinvik.
–Naprapatane kan undersøkje strukturar i musklar og skjelett. Ved bruk av ultralyd kan vi verte endå sikrare i forhold til å stille diagnosar, seier Ole Theodor Hovden som er dagleg leiar for naprapatklinikken. Dei kan til dømes lokalisere senebetennelse eller slimposebetennelse i skulder eller hofte. Naprapatane vidareutdannar seg for å kunne bruke det nye utstyret i sitt arbeid.
–Dette vil gje oss ein stor fordel i forhold til å kunne undersøkje til dømes akutte idrettsskadar. Eg trur vi vil kunne gje endå betre behandling til våre pasientar, seier Hovden.

Ultralyd for gravide 
Maskina vil vere i drift frå midten av september. Nordvestklinikk kjem også til å tilby ultralyd for gravide utført av jordmor. 
– Vi håper at tilbodet for gravide også er på plass i løpet av september, seier den daglege leiaren.
Radiologen er ein av dei som gler seg til oppstarten i Ulsteinvik.
– Eg synest det er eit spennande opplegg dei har her ved klinikken. Eg kjenner dei som solide fagfolk alle saman, og dei er trivelege å vere i lag med, seier Kristian Vigdel Kolnes.
 

click
click