Nyheter

Vil du ut å springe? Vi deler våre tips for å unngå skade

Våren er her og du kjenner kanskje at trening i frisk luft fristar. Uansett om du har liten eller mykje erfaring i joggeskoa. Vi har tips for å unngå å bli stoppa av skader.

Publisert: 04/05/17 oppdatert: 29/03/23

Er du heilt ny innan springing eller ikkje har sprunge på lenge kan det lønne seg å vere tålmodig og forsiktig i starten. Mange som blir overivrig kan gå på ein smell. Er du ein av dei kan du bruke 10% regelen. Ikkje auk hastigheita eller distansen med meir enn 10% i veka og berre auk ein av delane om gongen.

Vi har kome til den tida av året der sola endeleg varmar og det ikkje lenger er mørkt på kveldane. Mange får lyst å ta på joggeskoa og kome seg ut å springe. Å springe kan vere god trening og ein fin måte å kome i betre form på. Kanskje har du vore aktiv i skisporet i vinter og ønskjer å halde ved like formen? Kanskje er målet å kome i form innfor eit løp? Uansett er dessverre skade som kjem grunna springing vanleg. Det er difor lurt å tenkje over nokre ting før ein byrjar for å minske risikoen for skader relatert til springing.

Start treningsøkta roleg og gå deg gjerne litt varm før du startar å springe. Auk treningsutbytte og motivasjonen med å variere øktene dine med langkjøring og intervallar. Intervallar kan trenast på uendelige måtar og er bra for å auke kondisjonen.
 

Teknikk

Det viktigaste er å springe på ein måte som føles naturleg. Teknikken bli meir energieffektiv dess meir ein spring. Spring så avslappa som mogleg. Senk skuldrene. Hold blikket framover. Foten skal lande nærast like under hofta. Om den landar framfor kroppen vil det bremse farta i kvart nedslag. Ha raske og lette steg for å minske støta på kroppen. Gullstandard er 180 steg i minuttet, men det kan kjennast unaturleg i starten. Dersom du vil auke stegfrekvensen din start med å auke tempoet litt og litt. Bruk ein kandenstellar eller musikk til hjelp. Spotify har ein eigen løpefunksjon der du kan stilla inn musikk som passar tempoet.
 

Sko

Joggesko er eigentleg det einaste av utstyr ein treng for springe. Ein god sko med passe demping er viktig for å redusere belastninga på kroppen. Oppsøk hjelp for å finne ein sko som passar din fot, ditt løpssteg og underlag. Spring du meir enn eit par gonger i veka kan det vere lurt med fleire par joggesko. Dette minskar skaderisikoen ved å gje variasjon i belastning på foten. Vi har sålar som kan tilpassas din fot (superfeet). Såla kan brukast i fleire sko. Dei er berre å flytte over til det paret du vill bruke.

 

Skader ved springing
Fot, kne og hofte er særlig utsett for skader ved springing. Dei vanlegaste skadene er grunna overbelastning. Det har blitt for mykje for fort. Kroppen treng tid for å tilpasse seg ei ny eller auka belastning. Musklar, sener og ligament treng tid for å byggje seg opp igjen etter ei økt. Sørg også for at kroppen får nok restitusjon mellom øktene. Kjenner du noko smerte etter springing, ta eit par dagar fri og oppsøk hjelp om smerten ikkje forsvinn.

 

Variasjon

Ved å variere faktorar som underlag, sko, intensitet og treningstype blir det mindre ensidig belastning og ein minskar sjansen for overbelastning. Asfalt og andre harde underlag gjev meir støt og er dermed ei større belastning for kroppen. Stiar og skogsveiar gjer naturleg variasjon i kvart steg. For å bedre kondisjonen kan springetreninga komplimenterast med andre aktivitetar som sykkel og svømming som er mindre belastande. Tren styrketrening for å betre prestasjon og skadeforebyggje.

 

Neste veke legg vi ut strykeøvingar som er tilpassa for dei som spring eller vill springe. Øvingane kan gjerast både ute og inne.

 

Kontakt oss om du treng hjelp med oppståtte skader eller berre ønskjer å forebyggje.
 

Kom deg ut og spring!

click
click